Vi ønskjer fleire i kommunen vår og dersom du byggjer her veit du at du er velkomen!

 
Ute av byen, men ganske nær
Vindafjord ligg midt mellom Bergen og Stavanger - og med kort veg til Haugesund, som er næraste by. Ved å bu i Vindafjord er du borte fra mas og jag i byen, samtidig som det er kort veg når du vil til ein av byane. 

 
Levande bygder
Eit yrande engasjement blant store og små. Idrett, kunst, kultur, festivalar, kyrkjer og bedehus. Her finn ein noko for ein kvar.

  

Hjelp og rådgivning når du etablerer deg
Byggesøknader går som ein draum i Vindafjord. Vindafjord Tomteselskap, kommunen, bank, byggefirma m.fl. står klare til å hjelpe dykk i gang.

  

Frie tomter i alle bygder
I alle bydene i Vindafjord har vi ledige tomter. Vikedal, Sandeid, Ølen, Ølensvåg, Vats, Bjoa, Vikebygd og Skjold. Tomtene er frie - du kan velge kva du vil byggje, kven som skal byggje og når du vil byggje.

  

Tomter og hus til rett pris
Tomtene våre har fornuftige prisar som gjer det enkelt å etablere seg i kommunen. Medan du i byane gjerne må betale store summar for ei lita leilighet, kan du i Vindafjord få ein flott enebolig med hage til same pris.

Kvifor bu i Vindafjord?

Vindafjord kommune har gode tilbod om skule og barnehage i alle dei 9 bygdene. Det er også full barnehagedekning. Når ungdomskulen er ferdig har ein også valg om to lokale vidaregående skular i kommunen. 

Les meir om oppvekst i Vindafjord her.
Vindafjord er ein næringslivskommune utanom det vanlege. Her finn ein alt fra små og mellomstore bedrifter til store og ledande bedrifter på landsbasis. Vindafjord har ein sterk grunder kultur og samarbeidsvilje på tvers av bedriftene og som satsar på lokal forankring. Dette gir solide arbeidsplasser. Her finn du jobb moglegheiter i mange varierte yrker. 

Medvind 24 (Godsaker frå næringslivet)

Medvind Næringshage

Fikse Næringsutvikling
Nokre av Vindafjord bedriftene:
Omega AS  Hatteland  Fatland AS  Westcon Group   BergeSag  Arriva Shipping AS   Ølen Betong AS  Granberg AS  AF Decom  Nortura  Helgevold Gruppen
+ mange mange fleire!   
Idrettslaga i bygdene har mange ildsjeler som stiller opp for både små og store. Ski, fotball og handball er nokre av dei poplære tilboda som tilbys.
Mange nye og flotte anlegg er bygd i dei ulike bygdene, til glede for store og små.      

Idrettslaga i kommunen
Ølen IL  Vindafjord IL  IL Skjoldar  SK Vats 94  Vikebygd IL  Bjoa IL  
Vindafjord er omgitt av flott natur. Her finn ein noko for ein kvar smak. Flotte turstiar i fjellet og idylliske destinasjonar som Romsa øyane om du likar deg på sjøen. 
Likar du deg på ski finn du også flotte skiløyper frå Opehim i Ølen eller Fjellstøl i Sandeid inn mot Olalia hytta. Her er også lysløyper for kveldsturar. Olalia er ein av mange populære turdestinasjonar heile året. 

Olalia på ut.no   
Les meir om friluftsliv i Vindafjord her
Sentral beliggenhet, midt mellom Bergen og Stavanger, med Haugesund som næraste by. Ønskjer du å kjenne på det urbane livet innimellom er det kort veg til fleire byar. Ønskjer du å slappe av på fjellet med slalomski på beina? En kort kjøretur unna så er du fremme.

Kjøreavstander byer

Haugesund - ca. 40 minutt. 
Bergen - 3 timer.
Stavanger - 2 timer.

Kjøreavstander til fjellområder med skisenter og hytter
Røldal - 1 time
Haukelifjell - 2 timer
Hovden - 3 timer
Rauland - 3 timer


   

Velkommen til #VakreVindafjord

Fjord, fjell, føretak som treng folk, gode oppvekstvilkår, full barnehagedekning og gode skular er noko av det vi kan tilby.

Kom gjerne innom vårt kontor i Ølensvåg for ein hyggelig og uforpliktande prat om kva me og Vindafjord kan tilby dykk!