Tomter i Vindafjord (NN)

Ikke publisert publiser
Vil du ha din bit av Vindafjord? Snart kan du kjøpe klausulfrie tomter i alle bygdene i Vindafjord. Allereie no er det lagt ut 18 tomter i Ølen og 10 tomter i Vikedal på minbit.no. Fleire kjem.

- Me har som mål at me skal ha klausulfritomter i alle dei ni bygdene i Vindafjord i løpet av 2011. Me har allereie tomter i Ølen, Skjold, Vats, Vikedal, Bjoa og Imsland, fortel Leon Dyngeland som er dagleg leiar i Vindafjord Tomteselskap.

Sist måndag lanserte han nettsida minbit.no, der tomtene skal leggast ut etter kvart. Til no er tomter i Ølen og Vindafjord lagt ut, og snart vil han leggje ut tomter i Skjold, Vats og på Bjoa. I tillegg har tomteselskapet eit samarbeid med balahaugen.no om klausulfrie tomter i Sandeid.

Vindafjord Tomteselskap AS er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og private. Eigarane av selskapet er Vindafjord KommuneBerge Sag og TrelastKalstveit og VikOmega Vindafjord, Vindafjord arbeidsgiverforumWestcon, Ølen Betong og Haugesund Sparebank. Målsetjinga for selskapet er å leggje til rette for at folk skal kunne byggje og bu i kommunen.

- Det er mange som pendlar til Vindafjord, særlig fra Tysvær og Haugesund. Dei kan sjølvsagt fortsetje med det om dei vil, men det er viktig å leggje til rette for at folk skal kunne slå seg til i kommunen, fortel Dyngeland engasjert. Me skal ikkje tene oss rike på tomteselskapet; for kommunen er det viktig med fleire innbyggjarar og for verksemdene er det viktig med stabil og god arbeidskraft som vil bu i nærmiljøet, fortset han.

Vil du ha din bit av Vindafjord? Følg med på minbit.no!

Flotte naturopplevingar
1 av 5
Mektig natur
2 av 5
Ekte kystkultur
3 av 5
Rekreasjon
4 av 5
Storfangsten ventar
5 av 5